Nehemiah 11:3
Dette er dei hovdingarne i jarleriket som budde i Jerusalem; men i Juda-byarne budde kvar i sin by der han hadde sin eigedom, vanlege israelitar, prestar, levitar, tempelsveinarne og søner etter Salomos trælar.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
2Folket velsigna alle dei mennerne som friviljugt busette seg i Jerusalem.
Cross References
Ezra 2:1Her kjem talet på dei fylkesbuarne som for ut or utlægdi, dei som Babel-kongen Nebukadnessar hadde ført burt til Babel, og som no for heim att til Jerusalem og Juda, kvar til sin by.
Ezra 2:55Av sønerne åt Salomo-sveinarne: Sotai-sønerne, Hassoferets-sønerne, Peruda-sønerne,
Nehemiah 7:6Her kjem talet på dei fylkesbuarne som for heim or utlægdi, dei som Nebukadnessar, kongen i Babel, hadde ført burt, og som no for heim att til Jerusalem og Juda, kvar til sin by.
Nehemiah 7:39Av prestarne: Jedaja-sønerne av Jesua-ætti, ni hundrad og tri og sytti;
Nehemiah 7:46Av tempelsveinarne: Siha-sønerne, Hasufa-sønerne, Tabbaots-sønerne,
Nehemiah 7:73Prestarne og levitarne og dørvaktarane og songarane, og nokre av lyden, og tempelsveinarne og heile Israel elles sette då bu i sine byar. Då den sjuande månaden kom, var Israels-sønerne i sine byar.