Nehemiah 12:24
Levithovdingarne var: Hasabja, Serebja og Jesua Kadmielsson og brørne deira, som stod midt imot deim og song lovsongen og takkesongen, etter som gudsmannen David hadde bode, ein songarflokk attmed hin.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 33:1Dette er den velsigningi som gudsmannen Moses lyste yver Israels-sønerne fyrr han døydde.
1 Kings 17:24Då sagde kvinna til Elia: «No veit eg at du er ein gudsmann, og at Herrens ord i din munn er sanning.»
1 Chronicles 23:1Då David var gamall og mett av dagar, gjorde han Salomo, son sin, til konge yver Israel.
1 Chronicles 25:6Alle desse, kvar med sin far til rettleidar, greidde med songen i Herrens hus, med cymblar, harpor og cithrar, og gjorde soleis tenesta i Guds hus; kongen, Asaf, Jedutun og Heman rettleide dem.
Ezra 2:40Av levitarne: Jesua- og Kadmiels-sønerne av Hodavja-sønerne, fire og sytti.
Nehemiah 8:7Og Jesua, Bani, Serebja, Jamin, Akkub, Sabbetai, Hodia, Ma’aseja, Kelita, Azarja, Jozabad, Hanan, Pelaja og dei hine levitarne tolka lovi for folket, medan folket vart standande kvar på sin stad.