Nehemiah 13:25
Eg skjemde på deim og banna deim, ja, eg slog og lugga sume av deim. Og eg tok deim i eid ved Gud og sagde: «Ikkje må det gifta døtterne dykkar med sønerne deira og ikkje taka døtterne deira til konor åt sønerne dykkar eller åt dykk sjølve.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 34:16du vil gifta sønerne dine med døtterne deira, og dei vil halda seg med gudarne sine og lokka sønerne dine til å gjera det same.
Deuteronomy 7:3du må ikkje hava nokor hopegifting med deim; ikkje må du gjeva døtterne dine til sønerne deira, og ikkje taka døtterne deira til konor åt sønerne dine;
Deuteronomy 27:14Og levitarne skal taka til ords og segja so høgt at kvar mann i Israel høyrer det:
Ezra 7:26Og kvar den som ikkje gjer etter lovi åt din Gud og etter lovi åt kongen, yver honom skal det fellast ein rett dom, anten til daude eller utlægd, til pengebot eller til fangehus.»
Nehemiah 5:6Eg vart brennande harm då eg høyrde skriket deira og desse ordi.
Nehemiah 10:29dei slær lag med stormennene og gjeng med på eiden og sver at dei vil fylgja Guds lov, som er gjevi ved Guds tenar Moses, og halda og gjera etter alle bodi og rettarne og fyreskrifterne frå Herren, vår Herre,