Nehemiah 13:26
Var det ikkje for deira skuld at Salomo, Israels konge, synda? Det fanst ikkje makan til konge millom dei mange folki. Hans Gud elska honom, og Gud sette honom til konge yver heile Israel. Jamvel honom fekk dei framande kvinnorne til å synda.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
2 Samuel 12:25Han sende bod med profeten Natan. Og han gav honom namnet Jedidja for Herrens skuld.
1 Kings 3:13Eg vil gjeva deg det du ikkje hev bede um: rikdom og heider, so at ingen av kongerne skal vera din like i all di tid.
1 Kings 11:1Kong Salomo hadde mange utlendske kvinnor som han elska - umfram dotter åt Farao; moabitiske, ammonitiske, edomitiske, sidoniske, hetitiske,
1 Kings 21:25Aldri hev det vore nokon slik som Ahab, som selde seg sjølv til å gjera det som vondt var i Herrens augo, av di Jezabel, kona hans, eggja honom.
2 Chronicles 9:22Kong Salomo vart større enn alle andre kongar på jordi i rikdom og visdom.
Ecclesiastes 7:26Då fann eg at kvinna er beiskare enn dauden, for ho er eit net, og hjarta hennar eit garn, og henderne hennar lekkjor. Den som tekkjest Gud, slepp ifrå henne, men syndaren vert hennar fange.