Nehemiah 13:6
Då alt dette gjekk fyre seg, var ikkje eg i Jerusalem; i det tvo og trettiande styringsåret åt Babel-kongen Artahsasta var eg attkomen til kongen. Men då ei tid var lidi, bad eg kongen um heimlov.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 32:1Då folket såg at Moses drygde med å koma ned av fjellet, so flokka dei seg um Aron, og sagde med han: «Kom, gjer oss ein gud som kann ganga framfyre oss! For me veit ikkje kvar det hev vorte av denne Moses, som fylgde oss ut or Egyptarland.»
Ezra 6:22Og dei heldt søtebrødhelgi i sju dagar med fagnad. Herren sjølv hadde gjort deim glade, med di han hadde snutt hjarta åt assyrarkongen til deim, so han var med og studde deim i arbeidet på huset åt Gud, Israels Gud.
Nehemiah 2:5Og so sagde eg til kongen: «Um det tekkjest kongen, og um du eig godvilje for tenaren din, so ynskjer eg å verta send til Juda, til byen der federne mine er gravlagde, so eg kann byggja honom upp att.»
Nehemiah 5:14Dessutan lyt eg nemna: Frå den dagen eg vart utnemnd til jarl yver Jødeland, frå det tjugande til det tvo og trettiande styringsåret åt kong Artahsasta, i tolv år, hev korkje eg eller frendarne mine ete av jarlekosten.