Nehemiah 2:17
Men no sagde eg til deim: «De ser sjølve kor ille me er stelte. Jerusalem ligg i øyde, portarne er uppbrende. Kom, lat oss byggja upp att muren kring Jerusalem, so me ikkje skal hava den skammi på oss lenger.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Ezra 5:1Profeten Haggai og Zakarja Iddoson, profetarne, profetera for dei jødarne som var i Juda og Jerusalem; dei tala i namnet åt Israels Gud, som var nemnt yver deim.
Ezra 10:2Då tok Sekanja Jehielsson av Olams-sønerne til ords og sagde med Ezra: «Me hev vore utrugne åt mot vår Gud, med di me hev teke framande konor frå dei framande folki her i landet; men endå er ikkje all voni ute for Israel i denne saki.
Psalms 44:13Du sel ditt folk for ingen ting, og ikkje set du høg pris på deim.
Psalms 79:4Me hev vorte til spott for våre grannar, til hæding og lått for deim som bur ikring.
Psalms 89:50Herre, kvar er dine nådegjerningar frå fordoms tid, som du med eid lova David i din truskap?
Isaiah 35:3Styrk dei valne hender og gjer dei skjelvande kne sterke!