Nehemiah 2:20
Då gav eg deim dette svaret: «Gud i himmelen vil gjeva oss lukka. Og me, hans tenarar, vil ganga i veg og byggja. Men de hev ikkje anten lut eller rett eller minne i Jerusalem.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 28:29Og når Aron gjeng inn i heilagdomen og stend framfor augo åt Herren, då skal han bera namni åt Israels-sønerne innmed hjarta sitt, på domsbringeduken, so Herren all tid skal koma deim i hug.
Leviticus 24:7Og på kvar rad skal du leggja rein angekvåda; det skal vera eit minningsoffer for brødet, ein offerrett åt Herren.
2 Chronicles 26:5Han heldt ved med å søkja Gud so lenge Zakarja livde, han som skyna Guds syner. Og so lenge som han held seg til Herren, gav Gud honom lukka.
Nehemiah 1:4Då eg høyrde denne fretnaden, sette eg meg ned og gret og syrgde dag etter dag. Eg fasta og bad til Gud i himmelen.
Esther 4:11«Alle kongstenarane og folket i kongens jarlerike veit at den lovi gjeld for alle, kar eller kvende: gjeng nokon ukalla inn til kongen i den indre garden, so lyt han lata livet; det einaste er um kongen retter ut mot honom gullstaven, då fær han liva. Og eg hev ikkje vore kalla til kongen no på tretti dagar.»
Psalms 35:27Lat deim fagna seg og gleda seg, som unner meg min rett, og lat deim alltid segja: «Høglova vere Herren, som unner sin tenar at det gjeng honom godt!»