Nehemiah 2:8
Og lat meg få brev til Asaf, han som hev tilsyn med den kongelege skogen, so han let meg få timber til portbjelkarne i borgi som høyrer til huset, til bymuren og til huset eg skal bu i.» Kongen let meg få det, av di min Gud heldt si gode hand yver meg.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Ezra 5:5Men yver styresmennerne åt jødarne vakte auga åt deira Gud, og mennerne lova at dei ikkje skulde leggja noko vondt i vegen for strævet deira, so lenge Darius hadde set på saki og det var kome brev frå honom.
Ezra 6:22Og dei heldt søtebrødhelgi i sju dagar med fagnad. Herren sjølv hadde gjort deim glade, med di han hadde snutt hjarta åt assyrarkongen til deim, so han var med og studde deim i arbeidet på huset åt Gud, Israels Gud.
Ezra 7:9Den fyrste dagen i fyrste månaden vart det fast avgjort at dei skulde fara frå Babel, og den fyrste dagen i femte månaden kom han til Jerusalem; for hans Gud heldt si gode hand yver honom.
Nehemiah 2:17Men no sagde eg til deim: «De ser sjølve kor ille me er stelte. Jerusalem ligg i øyde, portarne er uppbrende. Kom, lat oss byggja upp att muren kring Jerusalem, so me ikkje skal hava den skammi på oss lenger.»
Nehemiah 3:1Øvstepresten Eljasib og dei andre prestarne, frendarne hans, gjekk i veg og bygde Saueporten. Dei vigde honom, og sette inn dørerne. So bygde dei fram til Meatårnet, som dei vigde, og fram til Hananeltårnet.
Proverbs 21:1Konungs hjarta er i Herrens hand som bekkjer, han vender det kvar helst han vil.