Nehemiah 4:14
Eg mynstra deim, gjekk so fram og tala til dei adelborne og formennerne og til hitt folket: «Ver ikkje rædde deim! Tenk på Herren, den store og skræmelege, og strid for brørne dykkar, for sønerne og døtterne dykkar, for konorne dykkar og for heimarne dykkar.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 14:14Herren vil strida for dykk, og de skal halda dykk stille.»
Numbers 14:9Set dykk berre ikkje upp mot Gud, og ver ikkje rædde folket som bur der i landet! Dei er ikkje annleis enn som eit matmål for oss. Hjelpi deira hev kvorve burt, og Herren er med oss. Ver ikkje rædde!»
Deuteronomy 1:29Då sagde eg til dykk: «De skal ikkje ottast og ikkje vera rædde deim.
Deuteronomy 20:3og segja til deim: «Høyr, Israel, i dag bur de dykk til strid mot fienden! Tap ikkje modet! Ver ikkje rædde eller hugfalne eller forstøkte!
Judges 3:27Då han kom til Efraimsheidi, bles han i luren; då for Israels-sønerne med han ned av heidi, og han gjekk fyre.
2 Chronicles 20:15og han sagde: «Lyd etter, heile Juda og de Jerusalems-buar og du kong Josafat! So segjer Herren til dykk: «Ottast ikkje og ræddast ikkje for denne megtige hopen! for striden er ikkje dykkar, men Guds sak.