Nehemiah 5:13
Og eg skok kappelumma mi med dei ordi: «Soleis skal Gud skaka frå hus og eiga kvar ein som ikkje held dette vedtaket; ja, soleis skal han verta skjeken og tom.» Og heile lyden sagde: «Ja, ja!» Og dei lova Herren, og heile folket gjorde etter dette vedtaket.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 27:14Og levitarne skal taka til ords og segja so høgt at kvar mann i Israel høyrer det:
1 Kings 11:29So hende det ein gong ved det leitet, at Jerobeam var gjengen ut or Jerusalem, og at profeten Ahia frå Silo råka honom på vegen. Han hadde på seg ei ny kåpa, og dei var tvo-eine på marki.
1 Chronicles 16:36Lova vere Herren, Israels Gud, frå æva og til æva!» Og alt folket sagde amen og lova Herren.
Psalms 50:14Ofra lov og takk til Gud og gjev den Høgste det du hev lova,
Psalms 119:106Eg hev svore og hev halde det, å taka vare på dine rettferdslover.
Ecclesiastes 5:5Lat ikkje munnen føra skuld yver kroppen, og seg ikkje til sendebodet: «Eg forrende meg!» Kvifor skal Gud harmast på det du segjer og tyna det som henderne dine gjer.