Nehemiah 5:15
Dei fyrre jarlarne, fyre min tid, tyngde på folket, og tok brød og vin av deim til yver fyrti lodd sylv. Jamvel drengjerne deira spela meister yver folket. Av age for Gud for ikkje eg åt soleis.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
1 Samuel 2:15Ja endå fyrr enn feittet var brent, kom prestedrengen og sagde til mannen som ofra: «Hit med steikjekjøt til presten! han vil ikkje hava kokt kjøt hjå deg, berre rått.»
Nehemiah 5:9Og eg sagde: «Det er ikkje fint å fara åt soleis som det hev gjort. De burde då ferdast i otte for vår Gud, so ikkje heidningarne, fiendarne våre, skulde få grunn til å spotta oss.
Psalms 112:1Halleluja! Sæl er den mann som ottast Herren, som hev si store lyst i hans bodord.
Proverbs 16:6Med kjærleik og truskap vert misgjerning sona ut, med otte for Herren flyr ein frå det vonde.
Ecclesiastes 12:13Endelykti er dette, når du hev høyrt alt: Ottast Gud og haldt hans bodord! Det er målet for alle menneskje.
Lamentations 5:8Trælar er våre herrar, og ingen riv oss ut or deira hand.