Nehemiah 8:17
Heile lyden, alle som var heimkomne frå utlægdi, bygde seg lauvhyttor og budde i deim. Sidan dei dagarne då Jesua Nunsson livde og like til denne dagen hadde Israels-borni ikkje gjort det. Og der var ovleg stor gleda.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 16:15Sju dagar skal du halda pilegrimshelg for Herren, din Gud, på den staden han hev valt seg ut; for Herren, din Gud, vil velsigna deg i alt du avlar og alt du tek det fyre, og du skal vera berre glad.
1 Chronicles 29:22Og dei åt og drakk for Herrens åsyn på den dagen med stor gleda. Og dei gjorde Salomo, son åt David, andre gongen til konge; dei salva honom til ein fyrste for Herren, og Sadok til prest.
2 Chronicles 8:13Kvar dag ofra han dei offer som kravdest på den dagen etter bodet åt Moses, på kviledagarne, nymånedagarne og høgtiderne tri gonger for året: søtebrødhelgi, sjuvikehelgi og lauvhyttehelgi.
2 Chronicles 30:23Men sidan samdest heile lyden um å høgtida endå sju dagar, og dei høgtida dei sju dagarne med fagnad.
2 Chronicles 35:18Ei sovori påskehelg som denne var det ikkje halde i Israel sidan profeten Samuels dagar, og ingen av Israels-kongarne hadde halde ei sovori påskehelg som den Josia og prestarne og levitarne og dei Juda- og Israels-mennerne som var til stades, og Jerusalems-buarne høgtida.
John 1:14Og Ordet vart kjøt og feste bu hjå oss, og me skoda herlegdomen hans, ein sovoren herlegdom som ein einboren Son hev frå Far sin, full av nåde og sanning.