Nehemiah 9:13
Du steig ned på Sinaifjellet og tala med deim frå himmelen. Du gav deim rettferdige rettar, pålitande lover, gode fyreskrifter og bod.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 19:11Tridje dagen skal dei halda seg reiduge; for då vil Herren stiga ned på Sinaifjellet for augo åt alt folket.
Exodus 19:18Og heile Sinai stod i ein røyk, av di at Herren for ned på nuten i eld; røyken steig upp som av ein masomn, og heile fjellet dirra og skalv.
Exodus 20:22Og Herren sagde til Moses: «So skal du segja til Israels-folket: «De hev høyrt korleis eg tala til dykk frå himmelen.
Deuteronomy 4:10Kom i hug den dagen då du stod framfor Herren, din Gud, innmed Horeb, og Herren sagde til meg: «Kalla folket i hop! Eg vil lata deim høyra bodi mine, so dei kann læra å ottast meg all den tid dei liver på jordi, og læra borni sine det same.»
Deuteronomy 5:4Åsyn mot åsyn tala Herren med dykk på fjellet midt utor elden.
Deuteronomy 10:12Og no, Israel, kva er det Herren, din Gud, krev av deg, anna enn det at du skal ottast Herren, din Gud, og allstødt ganga på hans vegar, og elska og tena honom av heile ditt hjarta og heile din hug,