Nehemiah 9:5
Og levitarne Jesua og Kadmiel, Bani, Hasabneja, Serebja, Hodia, Sebanja og Petahja sagde: «Ris upp og lova Herren, dykkar Gud, han som er frå æva og til æva! Ja, lova vere ditt heilage namn, som er upphøgt yver alt lov og pris!
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 15:6Herre, di hand er prydd med kraft; Herre, di hand krys uvener sund.
Deuteronomy 28:58Held du’kje alle bod i denne lov, deim som stend skrivne her i denne bok, ottast du ikkje det høgheilage og agelege namnet åt din Gud,
1 Kings 8:14So snudde kongen seg og velsigna heile Israels-lyden, medan heile Israels-lyden stod.
1 Kings 8:27Men kann då Gud i røyndi bu på jordi? Sjå, himlarne, ja himle-himlarne kann ikkje røma deg, kor mykje mindre då dette huset som eg hev bygt.
1 Chronicles 29:11Deg, Herre, høyrer stordomen til og velde og æra og bragd og herlegdom, ja, alt som i himmelen og på jordi er; ditt er riket, Herre, og du hev hevja deg upp til eit hovud yver alt.
1 Chronicles 29:20So sagde David til heile lyden: «Lova Herren, dykkar Gud!» Og heile lyden lova Herren, fedreguden sin, og kasta seg ned å gruve for Herren og for kongen.