Fjerde Mosebok 10:29
sagde Moses til Hobab, son åt Re’uel frå Midjan, verfar hans Moses: «No tek me på vegen til det landet som Herren hev sagt han vil gjeva oss. Kom og ver med oss, so skal me gjera vel mot deg; for Herren hev lova Israel mykje godt.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
28Soleis var Israels-sønerne fylkte når dei for i veg, herflokk etter herflokk. Då dei skulde taka ut,
30«Nei,» svara Hobab, «eg vil fara heim til mitt eige land og folk.»
Cross References
Genesis 12:7Då synte Herren seg for Abram og sagde: «Dette landet vil eg gjeva ætti di!» Og Abram bygde der eit altar for Herren, som hadde synt seg for honom.
Genesis 15:18Den dagen gjorde Herren ei pakt med Abram og sagde: «Di ætt gjev eg dette landet, frå Egyptarlands-elvi alt til den store elvi, til Fratelvi,
Genesis 32:12Du hev då sjølv sagt: «Eg skal allstødt gjera vel imot deg og lata ætti di verta som havsens sand, som det ikkje er tal på.»»
Exodus 2:21Moses vart huga til å vera hjå mannen, og han let Moses få Sippora, dotter si.
Exodus 3:8Og no hev eg stige ned, og vil fria deim ut frå egyptarane og føra deim ut or dette landet, til eit godt og vidt land, til eit land som fløymer med mjølk og honning, der som kananitarne er og hetitarne og amoritarne og perizitarne og hevitarne og jebusitarne.
Exodus 6:8Og eg vil føra dykk til det landet som eg rette handi i veret på at eg vil gjeva Abraham og Isak og Jakob, og det vil eg gjeva dykk til eiga, eg, Herren.»»