Fjerde Mosebok 11:18
Og til folket skal du segja: «Helga dykk til i morgon, so skal de få kjøt å eta, etter di de jamra dykk for Herren og sagde: «Gud gjeve me hadde kjøt! Å kor godt me livde i Egyptarland!» No vil Herren gjeva dykk kjøt, som de skal eta av,
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
19og det ikkje ein dag, eller tvo eller fem eller ti eller tjuge dagar,
Cross References
Exodus 16:3og sagde: «Det vøre betre me hadde døytt for Herrens hand i Egyptarlandet, då me sat uppyver kjøtgrytorne og åt oss mette på brød. For no hev de ført oss ut i villmarki, so heile denne mannefjølden lyt døy av svolt.»
Exodus 19:10so sagde Herren til honom: «Gakk til folket, og seg dei skal helga seg idag og i morgen og två klædi sine.
Numbers 11:1Det var ein gong folket klaga seg for Herren, liksom dei leid vondt. Då Herren høyrde det, vart han harm, og elden hans slo ned millom deim, og herja i den eine enden av lægret.
Numbers 14:2Og alle Israels-borni, heile lyden, mukka mot Moses og Aron, og sagde: «Gud gjeve me hadde døytt i Egyptarlandet eller her i øydemarki - å Gud gjeve me hadde døytt!
Judges 21:2Men då folket kom til Betel, sat dei der for Guds åsyn alt til det vart kveld, og dei storgret,
Acts 7:39Honom vilde federne dykkar ikkje lyda, men dei støytte honom ifrå seg og vende seg i sitt hjarta til Egyptarland, då dei sagde til Aron: