Fjerde Mosebok 11:23
Då sagde Herren til Moses: «Rekk ikkje Herrens arm so langt som han vil? No skal du få sjå um det ikkje gjeng som eg hev sagt.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 6:1Då sagde Herren til Moses: «No skal du sjå, kva eg vil gjera med Farao: Ei sterk hand skal nøyda honom til å sleppa deim, og for den same sterke handi skuld skal han jamvel driva deim ut or landet sitt.»
2 Kings 4:43«Kor kann eg setja fram dette åt hundrad mann?» spurde tenaren. «Gjev folki å eta!» svara han; «Herren segjer: «Dei skal eta og endå leiva.»»
2 Kings 7:17Kongen sette den hermannen som han studde seg på, til å halda orden på torget. Men folket tråkka honom ned der på torget, og han døydde, soleis som gudsmannen hadde sagt, som han sagde då kongen kom ned til honom.
Isaiah 50:2Kvifor fann eg ingen då eg kom? Kvifor svara ingen då eg ropa? Er mi hand for stutt til utløysing, hev eg ingi kraft til å hjelpa? Med mitt trugsmål legg eg havet turt, elvarne gjer eg til øydemark, so fiskarne rotnar for vatnet er burte, og dei daudar av torste.
Jeremiah 32:17Å Herre, Herre! Sjå, du hev gjort himmelen og jordi med di store magt og med din strake arm; ingen ting er for vand for deg,
Jeremiah 44:28Men dei som kjem seg undan sverdet, skal snu heim att frå Egyptarlandet og til Judalandet, berre ein liten flokk. Og all Juda-leivningen, dei som er komne til Egyptarlandet og vil bu der, skal få vita kva ord som stend ved lag, mitt eller deira.