Fjerde Mosebok 12:6
Og han sagde: «Lyd no etter ordi mine: Er det ein profet millom dykk, so ter eg, Herren, meg for honom i syner, og talar med honom i draumar.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 15:1Ei tid etter dette hadde hendt, kom Herrens ord til Abram i eit syn, og det lydde so: «Ver ikkje ottefull, Abram! Eg skal vera din skjold! Løni di skal vera ovleg stor.»
Genesis 28:12Då drøymde han, og såg ein stige, som stod på jordi og rakk med øvste enden upp i himmelen, og han såg at Guds englar kleiv upp og ned etter stigen.
Genesis 31:10Og ved det leitet då småfeet flaug, drøymde eg at eg let upp augo og såg ikring meg, og sjå, då var bukkarne som sprang på småfeet, salute og droplute og skjengjute.
Genesis 37:9So hadde han ein draum att, og den fortalde han og brørne sine. «Veit de kva eg no hev drøymt?» sagde han: «Eg tykte soli og månen og elleve stjernor lagde seg å gruve for meg.»
Exodus 7:1Då sagde Herren til Moses: «Sjå no vil eg laga det so at du vert som ein Gud for Farao, og Aron, bror din, skal vera målsmannen din.
Deuteronomy 18:18Ein profet vil eg reisa upp for deim av deira eige folk, ein som du, og leggja ordi mine i munnen hans, og han skal tala til deim alt det eg segjer honom fyre.