Fjerde Mosebok 14:19
Tilgjev då av di store nåde broti åt dette folket, liksom du hev havt tolmod med deim heile vegen, frå Egyptarland og hit!»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
20Då sagde Herren: «Eg skal gjeva deim til, som du bed um.
Cross References
Exodus 32:12Skal då egyptarane få det å segja: «Det var ikkje for det gode han fylgde deim ut or landet; han vilde drepa deim i fjelli og rydja deim or verdi»? Døyv harmen som brenn i deg, og legg ned hemntankarne mot folket ditt.
Exodus 33:17Då sagde Herren til Moses: «Det du bed um, skal eg nok gjera; for eg likar deg godt, og kjenner deg for den mann du er.»
1 Kings 8:34so vil du høyra det i himmelen og tilgjeva Israel, folket ditt, den syndi dei gjorde, og føra deim heim att til det landet du hev gjeve federne deira!
Psalms 78:38Men han er miskunnsam, han forlet skuld og tyner ikkje, og mange gonger let han sin vreide venda um, og han vakte ikkje heile sin harm.
Psalms 106:45Og han kom i hug si pakt for deim, og han ynkast etter si store miskunn.
Ezekiel 20:8Men dei var tråssuge mot meg og vilde ikkje høyra på meg; styggetingi dei hadde framfor augo, kasta dei ikkje burt, og Egyptarlands ufysne avgudar vende dei seg ikkje ifrå. Då sagde eg at eg vilde renna ut yver deim min harm og tøma ut min vreide på deim midt i Egyptarlandet.