Fjerde Mosebok 18:15
Alt som kjem fyrst frå morsliv, alt livande som dei ber fram for Herren, anten det er folk eller fe, skal vera ditt; men det som er frumbore av folk, skal du lata deim løysa, og det som er frumbore av ureine dyr, kann og løysast.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
14Alt som er vigsla i Israel, skal høyra deg til.
Cross References
Exodus 13:2«Alt frumbore hjå Israels-folket skal du vigja åt meg, alt som kjem fyrst frå morsliv: anten det er folk eller fe, so høyrer det meg til.»
Exodus 13:13Det fyrste følet som fell undan kvart asen, skal du løysa med eit lamb eller kid, og løyser du det ikkje, so skal du brjota nakken på det. Men kvart mannebarn - kvart sveinbarn i ætta di - som er frumbore, skal du løysa.
Exodus 22:29Du skal ikkje drygja med å gjeva meg av det som fyller løda di, og som dryp frå vinpersa di. Den frumborne sonen din skal du gjeva meg.
Leviticus 27:26Det som er frumbore i buskapen, kann ikkje lovast burt; etter di det er frumbore, er det longe Herrens eigedom; anten det er storfe eller småfe, so høyrer det Herren til.
Numbers 3:46Og i utløysnad for dei tvo hundrad og tri og sytti som det er fleire frumborne israelitar enn levitar,
2 Kings 12:5dei skal prestarne taka imot, kvar av sine kjenningar, og nytta det til å setja i stand det som er forfalle i huset, all stad det finn ein brest.»