Fjerde Mosebok 18:7
Men du og sønerne dine skal styra preste-embættet og hava umsut for alt som høyrer til altaret og for det som er innanfor forhenget, og halda gudstenesta. Dykk gjev eg prestedømet i gåva; men kjem ein framand innåt, skal han lata livet.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 28:1So skal du kalla Aron, bror din, fram or Israels-lyden, både honom og sønerne hans, og setja deim til prestar for meg, Aron, og Nadab og Abihu, og Eleazar og Itamar, sønerne hans Aron.
Leviticus 7:35So var den luten Aron og sønerne hans fekk av Herrens offerretter den dagen dei vart kalla til å gjera prestetenesta for Herren;
Leviticus 16:12og so skal han fylla glodfatet sitt med gløder frå altaret der elden brenn for Herrens åsyn, og taka tvo nevar med finstøytt, angande røykjelse og bera innanfor forhenget,
Numbers 3:10Og Aron og sønerne hans skal du setja til å styra preste-embættet; kjem nokon annan innåt, so skal han lata livet.»
Numbers 16:5Og han tala til Korah og heile flokken hans, og sagde: «I morgon vil Herren syna kven som er hans folk, og kven som er heilag og kann koma inn til honom, og dei som han då vel, skal få koma inn til honom.
Numbers 18:4Dei skal halda seg attmed deg, og gjera alt det arbeidet som trengst i møtetjeldet; for ingen framand må koma innåt dykk.