Fjerde Mosebok 20:24
«No skal Aron fara til federne sine. De var ulyduge mot meg ved Meribabrunnen; difor skal han ikkje koma inn i det landet eg hev gjeve Israels-sønerne.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
23Og der, ved Horfjellet, i landskilet åt Edom, sagde Herren til Moses og Aron:
25Hav Aron og Eleazar, son hans, med deg upp på Horfjellet;
Cross References
Genesis 25:8Og Abraham sålast og døydde etter ein god alderdom, gamall og mett av dagar, og kom til federne sine.
Genesis 35:29Då sålast Isak og døydde, og kom saman med federne sine, gamall og mett av dagar. Og Esau og Jakob, sønerne hans, fylgde honom til gravi.
Genesis 49:33Då Jakob var ferdig med dei fyresegnerne han hadde å gjeva sønerne sine, drog han føterne upp i sengi. Og han sålast og kom til federne sine.
Numbers 20:10og han og Aron kalla lyden i hop framfyre berget; so sagde han til deim: «Høyr no, stridnakkar! Skal me lata det koma vatn åt dykk ut or dette berget?»
Numbers 31:2«Du skal taka hemn for det som midjanitarne hev gjort Israels-borni; sidan skal du fara til federne dine.»
Judges 2:10og då heile den ætti var fari til federne sine, og det stod fram ei ny ætt, som ikkje kjende Herren og ikkje visste kva han hadde gjort for Israel,