Fjerde Mosebok 22:7
Sendemennerne var av det gjævaste folket i Moab og Midjan; dei hadde spåmannsløn med seg, og då dei kom til Bileam, bar dei fram bodet frå Balak.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Numbers 23:23Jakob treng ingi trolldomskunst, og ingen spådom i Israel; når stundi er der, vert det sagt åt Jakob og åt Israel kva Gud vil gjera til kvar tid.
1 Samuel 9:7Saul sagde til drengen: «Men um me no gjeng dit, kva skal me hava med oss til mannen? Me hev ikkje meir mat i skrepporne våre, og nokor onnor gåva hev me ikkje heller til gudsmannen; eller kva hev me?»
Isaiah 56:11dei er hækne hundar, vert aldri mette, og slike folk er hyrdingar, som ikkje veit å gjeva gaum! Dei vender seg alle sin eigen veg, kvar til si eigi vinning, alle som ein.
Micah 3:11hovdingarne der dømer for mutor, prestarne lærer for løn, og profetarne spår for pengar, alt medan dei styd seg på Herren og segjer: «Er ikkje Herren midt imillom oss? Det kjem ingi ulukka yver oss.»
1 Timothy 6:9Men dei som vil verta rike, fell i freisting og snara og mange dårlege og skadelege lyster, som søkkjer menneski ned i undergang og fortaping.
2 Peter 2:15Dei hev vike av frå den beine vegen og fare vilt, med di dei hev fylgt Bileam Beorssons veg, han som elska urettferds løn