Fjerde Mosebok 32:22
og vender de’kje heim att fyrr landet er vunne for Herrens augo, so hev de ingi skuld på dykk, korkje mot Herren eller Israel, og dette landet her skal vera dykkar eigedom med Herrens vilje.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
23Men gjer de det ikkje, då syndar de imot Herren, og skal få kjenna at syndi finn dykk att.
Cross References
Deuteronomy 3:12«Dette landet lagde me under oss då. Bygderne nordanfor Aroer, som ligg innmed Arnonåi, og helvti av Gileadfjelli med byarne som der var, let eg rubenitarne og gaditarne få.
Joshua 1:15til dess Herren let deim og koma til ro liksom de, og dei hev eigna til seg det landet som Herren, dykkar Gud, vil gjeva deim; då skal de fara heim att og busetja dykk i dykkar eige land, det som Moses, Herrens tenar, gav dykk her på austsida av Jordan.»
Joshua 10:30og Herren gav den byen og i Israels hender, og like eins kongen deira. Josva øydde byen med odd og egg, og tynte kvart liv som fanst der; han let ingen vera att eller sleppa undan, og med kongen for han åt som han hadde gjort med kongen i Jeriko.
Joshua 11:23Josva lagde under seg heile landet, heiltupp soleis som Herren hadde sagt til Moses, og let israelitarne få det til odel og eiga etter sine folkegreiner og ætter, då landet var kome til ro etter ufreden.
Joshua 13:29Sidan gav Moses land åt halve Manasse-ætti, so dei og, den eine helvti av Manasse-sønerne og ættgreinene deira fekk sin lut.
Joshua 22:4Og no hev Herren, dykkar Gud, late brørne dykkar koma til ro, som han hadde lova deim; far no de heim att til tjeldbuderne dykkar, åt dykkar eige land, det som Moses, Herrens tenar, gav dykk på hi sida Jordan.