Fjerde Mosebok 32:23
Men gjer de det ikkje, då syndar de imot Herren, og skal få kjenna at syndi finn dykk att.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
24Bygg borgar for konorne og borni dykkar, og stell til kvier for småfeet, og gjer som de hev lova!»
Cross References
Genesis 44:16Då sagde Juda: «Kva skal me segja til deg, herre? Korleis skal me taka til ords? Kva skal me orsaka oss med? Gud hev funne brotet åt tenarane dine. Sjå, me vil vera trælarne dine, både me og han som staupet vart funne hjå.»
Deuteronomy 28:15Men vil du ikkje høyra på røysti åt Herren, din Gud, hugsar og held du’kje alle bodi og loverne hans, deim som eg legg fram for deg i dag, skal det ganga deg so at kvar våbøn eg nemner, skal nå deg og taka deg att:
1 Kings 2:32Og Herren skal lata blodet hans koma att yver hans eige hovud, av di han hogg ned tvo menner som var rettferdigare og betre enn han sjølv, og drap deim med sverd utan at David, far min, visste det; det var Abner Nersson, Israels herførar, og Amasa Jetersson, Judas herførar.
Psalms 90:8Du hev sett våre misgjerder for augo dine, vår løynde synd i ljoset frå di åsyn.
Psalms 140:11Brennande kol skal ein rista ned yver deim, i elden skal han kasta deim, i djupe vatn, so dei ikkje kann koma upp.
Proverbs 24:16For sju gonger dett den rettferdige og stend upp att, men dei gudlause stuper når ulukka kjem.