Fjerde Mosebok 5:7
so skal dei skrifta den syndi dei hev gjort, og det dei hev kome til med urett, skal dei gjeva att alt saman, og endå leggja attåt femteparten av verdet. Dei skal gjeva det til den dei gjorde urett imot;
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Leviticus 5:5so skal den som soleis hev ført skuld yver seg standa til kva han hev synda i,
Leviticus 5:16Det han med urett hev eigna til seg av dei vigde gåvorne, skal han gjeva att, og attåt leggja femteparten av verdet. Han skal gjeva det til presten, og når presten hev ofra skuldofferveren til soning for honom, skal han få tilgjeving.
Leviticus 6:5Men elden skal haldast vaken på altaret; han må ikkje slokna. Kvar morgon skal presten nøra elden med ved, og leggja brennofferet uppå veden, og saman med det brenna takkofferfeittet, so røyken stig upp mot himmelen.
Leviticus 26:40Då skal dei stå til sine brot og broti åt sine feder, at dei fall ifrå meg, og sveik meg, og gjorde meg tvert imot,
Job 33:27Han syng for folk og segjer so: «Eg synda hev og krenkt det rette, men hev’kje fenge lika for det;
Proverbs 28:13Den som dyl misgjerningarne sine, hev ikkje lukka med seg, men den som sannar deim og vender seg ifrå deim, han finn miskunn.