Obadiah 1:17
Men på Sionsfjellet skal det vera ein flokk av frelste, og det skal vera ein heilagdom, og Jakobs hus skal få att si odelseiga.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Isaiah 4:3Og det skal vera soleis, at den som er att i Sion og etterleivd i Jerusalem, han skal kallast heilag, kvar og ein som er innskriven til liv i Jerusalem -
Isaiah 46:13Eg fører hit mi rettferd, ho er ikkje langt burte, og mi frelsa skal ikkje drygja. Eg gjev frelsa i Sion og til Israel min herlegdom.
Isaiah 65:9Men let avkjøme koma frå Jakob, frå Juda ein erving til fjelli mine, mine utvalde skal erva landet, og der skal mine tenarar bu.
Jeremiah 44:14Og av Juda-leivningen, av deim som er komne og vil bu der i Egyptarlandet, skal ingen sleppa undan og verta att so han kann snu heim att til Judalandet som dei stundar å koma attende til, so dei kann bu der. For ingen skal koma dit att so nær som nokre få undanslopne.
Jeremiah 46:28Ottast ikkje, du min tenar Jakob, segjer Herren; for eg er med deg. For eg vil gjera ende på alle dei folki som eg hev drive deg til. Men deg vil eg ikkje gjera ende på, men aga deg med måte, men reint utan refsing kann eg ikkje lata deg vera.
Ezekiel 36:12Og eg vil lata menneskje, mitt folk Israel, ferdast på dykk, dei skal taka deg til eiga, og du skal vera deira odel. Og du skal aldri meir gjera deim barnlause.