Philippians 2:12
Difor, mine kjære, liksom de alltid hev vore lyduge, so arbeid, ikkje berre som i mitt nærvære, men no endå meir i mitt fråvære, på dykkar frelse med age og otte!
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
11og kvar tunga skal sanna at Jesus Kristus er Herre, til Gud Faders æra.
13For Gud er den som verkar i dykk både å vilja og verka for sin gode vilje.
Cross References
Ezra 10:3Lat oss no gjera samband med vår Gud, um at me jagar frå oss alle desse konorne, og borni som dei hev fenge, etter kravet frå Vårherre og frå dei mennerne som ræddast for Guds lov, og lat det so verta gjort etter lovi.
Psalms 119:120Eg rys i holdet av rædsla for deg, og for dine domar ottast eg.
Proverbs 13:4Hugen i letingen lyster og fær ikkje noko, hugen i strævsame folk fær rikleg mette.
Isaiah 66:5Høyr då Herrens ord, de som skjelv for hans ord! Dykkar brøder som hatar dykk, segjer, dei som støyter dykk burt for mitt namn skuld: «Lat Herren syna seg herleg, so me kan sjå dykkar gleda!» Men dei skal verta til skammar.
Matthew 11:29Tak mitt ok på dykk, og lær av meg! for eg er mild og mjuk i hjarta, og de skal finna kvild for sjælerne dykkar.
John 6:27Vinn dykk ikkje føda som forgjengst, men føda som varer og gjev eit ævelegt liv! Den skal Menneskjesonen gjeva dykk; for honom hev Faderen, Gud, sett sitt innsigle på.»