Philippians 3:1
Elles, mine brør, gled dykk i Herren! Å skriva det same til dykk er meg ikkje til møda, men dykk til styrkjing.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
2Sjå hundarne, sjå dei vonde arbeidarar, sjå dei sundskorne!
Cross References
Deuteronomy 12:18For Herrens åsyn, på den staden han vel seg ut, skal du eta det, du og son sin og dotter di, og drengen og tenestgjenta, og leviten som bur innan portarne dine, og du skal gleda deg for Herrens åsyn i alt det du hev vunne med arbeidet ditt;
1 Samuel 2:1Då bad Hanna og sagde: «Hjarta mitt frygdar seg i Herren, høgreist er hornet mitt i Herren. Med vidopen munn ropar eg mot fiendarne mine, for di eg fegnast for frelsa di.
1 Chronicles 16:10Rosa dykk av hans heilage namn, hjarta glede seg hjå deim som søkjer Herren!
1 Chronicles 29:22Og dei åt og drakk for Herrens åsyn på den dagen med stor gleda. Og dei gjorde Salomo, son åt David, andre gongen til konge; dei salva honom til ein fyrste for Herren, og Sadok til prest.
Nehemiah 8:10Og han sagde til deim: «Gakk no og et den beste mat, og drikk den søtaste vin de hev! Og send gåvor til den som inkje hev! For denne dagen er heilag for vår Herre. No skal de ikkje syta. Gleda i Herren er dykkar faste borg!»
Psalms 5:11Gud, døm dei skuldige! Lat deim falla for sine eigne meinråder, støyt deim ned for deira mange misgjerningar! for dei hev gjort upprør mot deg.