The Bible Software
Salmane · Studentmållagsbibelen frå 1921

Salmane 129

1Ein song til høgtidsferderne. Mykje hev dei trengt meg alt ifrå min ungdom - so segje Israel -

2mykje hev dei trengt meg alt ifrå min ungdom; men dei hev ikkje fenge bugt med meg.

3På min rygg hev pløgjarar pløgt, dei hev gjort sine forer lange.

4Herren er rettferdig, han hev hogge av reipi til dei ugudlege.

5Dei skal skjemmast og vika attende alle som hatar Sion.

6Dei skal verta som gras på taki, som visnar fyrr det fær veksa;

7slåttaren fær ikkje handi full, og bundelbindaren ikkje eit fang.

8Og dei som gjeng framum, segjer ikkje: «Herrens velsigning vere yver dykk, me velsignar dykk i Herrens namn!»

← Salmane 128Read In The App, Free →Salmane 130 →

Study Salmane 129

KJVMatthew HenryJamieson-Fausset-BrownAdam ClarkeJohn WesleyJohn CalvinKeil and DelitzschCharles SpurgeonScofieldFamily Bible NotesGeneva Bible Notes (1599)Reina-Valera (Español)Bíblia Portuguesa MundialLuther Bibel (Deutsch)Bible Louis Segond (Français)

All Chapters

123456789101112131415161718192021222324252627282930313233343536373839404142434445464748495051525354555657585960616263646566676869707172737475767778798081828384858687888990919293949596979899100101102103104105106107108109110111112113114115116117118119120121122123124125126127128129130131132133134135136137138139140141142143144145146147148149150