Salmane 131:1
Ein song til høgtidsferderne; av David. Herre, ikkje er mitt hjarta stolt og ikkje augo mine storlåtne, og ikkje gjeng eg med tankar som er altfor underlege for meg.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 17:20og so han ikkje skal ovmoda seg yver brørne sine og koma burt ifrå lovi; då skal han liva lenge i riket sitt i Israel, både han og borni hans.
1 Samuel 16:18Ein av sveinarne svara: «Eg veit ein son åt Isai i Betlehem som kann spela, ein gjæv gut, våpndjerv, ordhag og fager. Herren er med honom.»
1 Samuel 17:15Og David gjekk tidt heim frå Saul og gjætte smalen åt far sin i Betlehem.
1 Samuel 18:23Då folki åt Saul sagde dette med David, svara han: «Tykkjer de det er so lite å vera kongsmåg? eg er då berre ein ring og fatig kar.»
Job 42:3Kven vil uvitug myrkja rådgjerd? Eg tala som ein fåvis mann um under som eg ikkje fata.
Psalms 101:5Den som løynleg lastar sin næste, han vil eg tyna; deim med stolte augo og ovmodigt hjarta kann eg ikkje tola.