Salmane 132:11
Herren hev svore David ein sann eid, den gjeng han ikkje ifrå: «Av di livsfrukt vil eg setja kongar på din stol.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
10For David, din tenars skuld vis ikkje frå deg åsyni åt den du hev salva!
Cross References
Numbers 23:19Rett aldri munde Gud sitt ord mishalla som eit menneskje ell’ angra som eit mannebarn. Det han hev sagt, set han i verk det han hev lova, held han og.
2 Samuel 7:12Når æva di er all, og du fær kvila hjå dine feder, so vil eg reisa upp avkjømet ditt som kjem etter deg og gjeng ut frå deg; hans kongedøme vil eg grunnfesta.
2 Samuel 7:16Stød skal ætti di standa, traust og trygt ditt kongedøme i all æva for di åsyn; ja stødug skal din kongsstol standa i all æva.»»
1 Kings 8:25So haldt no og, Herre, Israels Gud, det som du lova tenaren din, David, far min, då du sagde: «Aldri skal den tid koma at det ikkje sit ein mann av di ætt på Israels kongsstol for mi åsyn, når berre sønerne dine vaktar sin veg so dei ferdast for mi åsyn soleis som du hev gjort det.»
2 Chronicles 6:16So haldt no og, Herre, Israels Gud, det som du lova tenaren din, David, far min, då du sagde: «Aldri skal den tid koma at det ikkje sit ein mann av di ætt på Israels kongsstol for mi åsyn, når berre sønerne dine vil taka på vegen sin og ferdast i mi lov, liksom du hev ferdast for mi åsyn.»
Psalms 89:3For eg segjer: Æveleg vert miskunn uppbygd, i himmelen gjer du din truskap fast.