The Bible Software
Salmane · Studentmållagsbibelen frå 1921

Salmane 137

1Ved Babels elvar, der sat me og gret, når me kom Sion i hug.

2På vier-runnarne der i landet hengde me harporne våre.

3For der kravde dei som heldt oss fanga song av oss, og våre plågarar kravde gleda: «Syng åt oss av Sions songar!»

4Korleis kann me syngja Herrens song på framand jord?

5Um eg gløymer deg, Jerusalem, so gjev mi høgre hand må gløyma seg burt!

6Gjev tunga må hanga fast ved gomen min, dersom eg ikkje kjem deg i hug, dersom eg ikkje set Jerusalem yver mi høgste gleda.

7Herre, hugsa Edoms søner Jerusalems dag! dei som sagde: «Riv ned, riv ned, radt ned til grunnen!»

8Babels dotter, du øydelagde! sæl er den som gjev deg løn for den gjerning du gjorde imot oss!

9Sæl er den som tek og krasar dine småborn imot berget!

← Salmane 136Read In The App, Free →Salmane 138 →

Study Salmane 137

KJVMatthew HenryJamieson-Fausset-BrownAdam ClarkeJohn WesleyJohn CalvinKeil and DelitzschCharles SpurgeonScofieldFamily Bible NotesGeneva Bible Notes (1599)Reina-Valera (Español)Bíblia Portuguesa MundialLuther Bibel (Deutsch)Bible Louis Segond (Français)

All Chapters

123456789101112131415161718192021222324252627282930313233343536373839404142434445464748495051525354555657585960616263646566676869707172737475767778798081828384858687888990919293949596979899100101102103104105106107108109110111112113114115116117118119120121122123124125126127128129130131132133134135136137138139140141142143144145146147148149150