Salmane 15:5
Han låner ikkje sine pengar ut for renta og tek ikkje mutor imot den saklause. Den som gjer dette, skal i all æva ikkje verta rikka.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 22:24og harmen min skal loga upp, og eg skal slå dykk med sverdet, so dykkar konor vert enkjor og borni dykkar farlause.
Exodus 23:7Haldt deg burte frå alle lygnarsaker, so du ikkje vert skuld i at ein saklaus og rettferdig mann let livet! For den som er skuldig, dømer ikkje eg fri.
Deuteronomy 16:19Du skal ikkje rengja retten, og ikkje gjera mannemun, og ikkje taka mutor; for mutorne synkverver vismenner, og spiller ei rettvis sak.
Deuteronomy 23:20Ein utlending kann du taka renta av, men av ein landsmann må du ikkje taka renta; då skal Herren, din Gud, velsigna deg i alt du tek deg fyre i det landet du kjem til å eiga.
1 Samuel 12:3Sjå her stend eg! Vitna no mot meg, so Herren og den han salva høyrer på: Hev eg teke ein ukse frå nokon? eller hev eg teke eit asen frå nokon? hev eg trælka nokon? eller trakka på nokon? hev eg teke mutor av nokon, so eg skulde sjå gjenom fingrarne med honom? So vil eg gjeva dykk vederlag.»
Nehemiah 5:7Då eg hadde samrådt meg med meg sjølv, skjemde eg på dei adelborne og formennerne og sagde til deim: «Oker er det de driv med brørne dykkar!» So stemde eg saman til eit stort folkemøte mot deim.