Salmane 3
1Ein salme av David, då han flydde for Absalom, son sin.
2Herre, kor mange mine fiendar er! Mange reiser seg imot meg.
3Mange segjer til mi sjæl: «Det finst ikkje frelsa for honom hjå Gud.» Sela.
4Men du, Herre, er min skjold, mi æra og den som lyfter mitt hovud.
5Eg ropar høgt til Herren, og han svarar meg frå sitt heilage fjell. Sela.
6Eg lagde meg og sovna; eg vakna upp, for Herren held meg uppe.
7Eg ottast ikkje for ti tusund av folk, som hev lægra seg imot meg rundt ikring.
8Statt upp, Herre, frels meg, min Gud! For du hev slege alle mine fiendar på kinni, du hev knasa tennerne på dei ugudlege. Herren høyrer frelsa til. Lat di velsigning vera yver ditt folk! Sela.
Study Salmane 3
KJVMatthew HenryJamieson-Fausset-BrownAdam ClarkeJohn WesleyJohn CalvinKeil and DelitzschCharles SpurgeonScofieldFamily Bible NotesGeneva Bible Notes (1599)Reina-Valera (Español)Bíblia Portuguesa MundialLuther Bibel (Deutsch)Bible Louis Segond (Français)
All Chapters
123456789101112131415161718192021222324252627282930313233343536373839404142434445464748495051525354555657585960616263646566676869707172737475767778798081828384858687888990919293949596979899100101102103104105106107108109110111112113114115116117118119120121122123124125126127128129130131132133134135136137138139140141142143144145146147148149150