The Bible Software
Salmane · Studentmållagsbibelen frå 1921

Salmane 46

1Til songmeisteren; av Korahs born, etter Alamot; ein song.

2Gud er mi hyggja og vår styrke, fullvel røynd i trengslor.

3Difor ottast me ikkje, um so jordi vert umskift, og um fjelli ragar hjarta av storhavet,

4um havbårorne dyn og skumar, og fjelli skjelv for deira ofse. Sela.

5Der er ei å, hennar bekkjer gled Guds by, den heilage stad der den Høgste bur.

6Gud er midt i honom, so han skal ikkje rugga; Gud hjelper honom i morgonlysingi.

7Folkeslag rasa, rike vart rikka, han let si røyst ljoda, jordi bråna.

8Herren, allhers drott, er med oss; Jakobs Gud er vår faste borg. Sela.

9Kom og sjå Herrens storverk, som gjer øydeleggjingar på jordi.

10Han gjer ende på herferder yver all jordi, bryt bogen sund og høgg spjotet av; stridsvognerne brenner han upp i eld.

11«Haldt upp og kjenn at eg er Gud! Eg er upphøgd millom folki, upphøgd på jordi.» Herren, allhers drott, er med oss; Jakobs Gud er vår faste borg. Sela.

← Salmane 45Read In The App, Free →Salmane 47 →

Study Salmane 46

KJVMatthew HenryJamieson-Fausset-BrownAdam ClarkeJohn WesleyJohn CalvinKeil and DelitzschCharles SpurgeonScofieldFamily Bible NotesGeneva Bible Notes (1599)Reina-Valera (Español)Bíblia Portuguesa MundialLuther Bibel (Deutsch)Bible Louis Segond (Français)

All Chapters

123456789101112131415161718192021222324252627282930313233343536373839404142434445464748495051525354555657585960616263646566676869707172737475767778798081828384858687888990919293949596979899100101102103104105106107108109110111112113114115116117118119120121122123124125126127128129130131132133134135136137138139140141142143144145146147148149150