Salmane 50:1
Ein salme av Asaf. Gud, Gud Herren talar og kallar på jordi frå solekoma til soleglad.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
2Frå Sion, fagerleiks kruna, strålar Gud fram.
Cross References
Joshua 22:22«Herren, den allvelduge Gud, veit det, ja Herren, den allvelduge Gud, han veit det, og Israel skal vita det, at det ikkje var i tråss og utruskap mot Herren
1 Kings 18:36Og ved grjonoffer-tidi steig Elia, profeten, fram og sagde: «Herre, Abrahams og Isaks og Israels Gud! Lat det verta ålkjent i dag at du er Gud i Israel, og at eg er tenaren din, og at eg hev gjort alt dette etter bod ifrå deg!
1 Chronicles 15:17Levitarne sette då Heman Joelsson til dette, og av hans brør Asaf Berekjason, og av brørne deira, Merari-sønerne, Etan Kusajason,
1 Chronicles 25:2Av Asafs-sønerne Zakkur og Josef og Netanja og Asarela, Asafs-sønerne med rettleiding av Asaf, som spela med profetisk eldhug etter tilskiping av kongen;
2 Chronicles 29:30So baud kong Hizkia og hovdingarne at levitarne skulde syngja Herrens lov med ordi åt David og sjåaren Asaf, og dei song lovsongen med fagnad og bøygde seg og bad.
Nehemiah 9:32Og no, vår Gud, du store, velduge, skræmelege Gud, du som held pakti og held uppe miskunni, no må du ikkje tykkja det er lite alt det vonde me hev lote lida, me og kongarne våre, hovdingarne, prestarne og profetarne våre, federne våre og heile folket ditt, frå assyrarkongarne si tid og alt til i dag.