The Bible Software
Salmane · Studentmållagsbibelen frå 1921

Salmane 65

1Til songmeisteren; ein salme av David, ein song.

2Gud, dei er stille for deg og prisar deg på Sion, og dei gjev deg det dei hev lova.

3Du som høyrer bøner, til deg kjem alt kjøt.

4Når misgjerningar hev vorte for sterke for meg, so forlet du våre forbrot.

5Sæl er den som du vel ut og let koma nær, so han bur i dine fyregardar; me vil metta oss med det gode i ditt hus, ditt heilage tempel.

6Med skræmelege gjerningar bønhøyrer du oss i rettferd, du, vår Frelse-Gud, ei livd for alle heimsens endar og havet langt burte.

7Han gjer fjelli faste med si kraft, gyrd med velde.

8Han døyver havsens dur, bylgjeduren og bråket av folkeslagi.

9Og dei som bur ved endarne av jordi, ræddast for dine teikn, heimen for morgon og kveld fyller du med lovsong.

10Du hev gjesta jordi og gjeve henne ovnøgd, du hev gjort henne ovleg rik, Guds bekk er full av vatn. Du hev laga til korn for folk, for soleis laga du jordi til.

11Du vatna hennar plogforer, jamna dei med upp-pløgde åkrar, du bløytte henne med regnskurer, velsigna hennar grøda.

12Du hev krynt ditt gode år, og dine fotspor dryp av feitt.

13Beiti i øydemarki dryp, og haugarne gyrdar seg med lovsong. Engjarne er klædde med sauer, og dalarne er fyllte med korn; folk fegnast og syng.

← Salmane 64Read In The App, Free →Salmane 66 →

Study Salmane 65

KJVMatthew HenryJamieson-Fausset-BrownAdam ClarkeJohn WesleyJohn CalvinKeil and DelitzschCharles SpurgeonScofieldFamily Bible NotesGeneva Bible Notes (1599)Reina-Valera (Español)Bíblia Portuguesa MundialLuther Bibel (Deutsch)Bible Louis Segond (Français)

All Chapters

123456789101112131415161718192021222324252627282930313233343536373839404142434445464748495051525354555657585960616263646566676869707172737475767778798081828384858687888990919293949596979899100101102103104105106107108109110111112113114115116117118119120121122123124125126127128129130131132133134135136137138139140141142143144145146147148149150