The Bible Software
Salmane · Studentmållagsbibelen frå 1921

Salmane 8

1Til songmeisteren, etter Gittit; ein salme av David.

2Herre, vår Herre, kor herlegt ditt namn er yver all jordi! du som hev sett din prydnad på himmelen.

3Av munnen på småborn og sogborn hev du grunnfest ei magt for dine motstandarar skuld, so du kann tagga fienden og den hemngiruge.

4Når eg ser din himmel, det verk av dine fingrar, månen og stjernorne, som du hev sett i stand,

5kva er då eit menneskje, at du kjem det i hug, og ein menneskjeson, at du ser til honom!

6Du gjorde honom lite lægre enn Gud; med herlegdom og æra krynte du honom.

7Du sette honom til herre yver dei verk dine hender gjorde, allting lagde du under hans føter:

8Småfe og storfe, alle saman, og jamvel dei ville dyr i marki,

9fuglen under himmelen og fisken i havet, alt det som fer på havsens stigar. Herre, vår Herre, kor herlegt ditt namn er yver all jordi!

← Salmane 7Read In The App, Free →Salmane 9 →

Study Salmane 8

KJVMatthew HenryJamieson-Fausset-BrownAdam ClarkeJohn WesleyJohn CalvinKeil and DelitzschCharles SpurgeonScofieldFamily Bible NotesGeneva Bible Notes (1599)Reina-Valera (Español)Bíblia Portuguesa MundialLuther Bibel (Deutsch)Bible Louis Segond (Français)

All Chapters

123456789101112131415161718192021222324252627282930313233343536373839404142434445464748495051525354555657585960616263646566676869707172737475767778798081828384858687888990919293949596979899100101102103104105106107108109110111112113114115116117118119120121122123124125126127128129130131132133134135136137138139140141142143144145146147148149150