The Bible Software
Salmane · Studentmållagsbibelen frå 1921

Salmane 96

1Syng Herren ein ny song, syng for Herren, all jordi!

2Syng for Herren, lova hans namn, forkynn frå dag til dag hans frelsa!

3Fortel millom heidningar hans æra, millom alle folkeslag hans under!

4For Herren er stor og mykje lovsungen, skræmeleg er han framfor alle gudar.

5For alle gudar hjå folki er avgudar; men Herren hev gjort himmelen.

6Høgd og herlegdom er for hans åsyn, styrke og prydnad i hans heilagdom.

7Gjev Herren, de folke-ætter, gjev Herren æra og magt!

8Gjev Herren hans namns æra, tak gåvor med og kom i hans fyregardar!

9Tilbed Herren i heilagt skrud, skjelv for hans åsyn, all jordi!

10Seg millom heidningarne: «Herren er konge, og jordriket stend fast, det let seg ikkje rikka; han dømer folki med rettvisa.»

11Himmelen glede seg, og jordi fagne seg, havet dure og alt som i det er!

12Marki frygde seg og alt det som på marki er! Då fegnast alle tre i skogen

13for Herrens åsyn; for han kjem, for han kjem til å døma jordi; han skal døma jordriket med rettferd og folki i sin truskap.

← Salmane 95Read In The App, Free →Salmane 97 →

Study Salmane 96

KJVMatthew HenryJamieson-Fausset-BrownAdam ClarkeJohn WesleyJohn CalvinKeil and DelitzschCharles SpurgeonScofieldFamily Bible NotesGeneva Bible Notes (1599)Reina-Valera (Español)Bíblia Portuguesa MundialLuther Bibel (Deutsch)Bible Louis Segond (Français)

All Chapters

123456789101112131415161718192021222324252627282930313233343536373839404142434445464748495051525354555657585960616263646566676869707172737475767778798081828384858687888990919293949596979899100101102103104105106107108109110111112113114115116117118119120121122123124125126127128129130131132133134135136137138139140141142143144145146147148149150