Johannes' openberring 1:16
Og han hadde sju stjernor i si høgre hand, og eit tvieggja kvast sverd gjekk ut or munnen hans, og hans åsyn var som soli når ho skin i si kraft.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Read all of Johannes' openberring 1
Cross References
Judges 5:31Gjev, Herre, at uvenern’ dine må alle so ganga til grunnar, og dei deg elskar må vera som soli stig upp i sitt velde.» Sidan hadde landet fred i fyrti år.
Isaiah 11:4Han skal døma armingar med rettferd, og skipa rett med rettvisa for dei smålåtne i landet, og han skal slå jordi med riset i sin munn og drepa den gudlause med anden frå lipporne sine.
Isaiah 49:2Min munn hev han gjort til eit sverd so kvast, i skuggen av handi si hev han meg gøymt, og meg hev han gjort til ei pil so blank og hev gøymt meg i pilehuset sitt.
Daniel 8:10Og det voks ende upp til himmelheren og kasta nokre av denne heren, av stjernorne, ned til jordi og trakka på deim.
Malachi 4:2Men for dykk som ottast mitt namn, skal rettferds-soli renna upp med lækjedom i vengjerne sine; og de skal ganga ut og hoppa som kalvar når dei slepp or fjøset.
Acts 26:13og midt på dagen, konge, såg eg på vegen eit ljos, som klårare enn soli stråla frå himmelen ikring meg og fylgjesmennerne mine;