Johannes' openberring 20:8
og han skal ganga ut og dåra folki ved dei fire jordhyrno, Gog og Magog, og føra deim saman til strid, og talet på deim er som havsens sand.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
7Og når dei tusund åri er fullenda, skal Satan verta løyst ut or sitt fengsel,
Read all of Johannes' openberring 20
Cross References
1 Samuel 13:5Filistarane stemnde saman til krig mot Israel, tri tusund vogner og seks tusund hestfolk, og fotfolk so mange som sanden på havsens strand. Dei drog upp og lægra seg ved Mikmas austanfor Bet-Aven.
2 Chronicles 18:21Han svara: «Eg vil ganga ut og verta ei ljugarånd i munnen på alle profetarne hans.» Og han sagde: «Ja, du skal lokka honom, og du skal og greida det. Gakk av stad, og gjer so!»
Jeremiah 33:22Liksom himmelheren ikkje let seg telja, og sanden i havet ikkje let seg mæla, soleis vil eg gjera min tenar Davids ætt til ei ovmengd, og likeins levitarne som tener meg.
Hebrews 11:12Difor vart det og av ein, og det ein utlivd, avla so mange som stjernorne på himmelen og som sanden på havsens strand, som ingen kann telja.
Revelation 20:3og kasta honom i avgrunnen og læste honom inne og sette innsigle yver honom, so han ikkje lenger skulde dåra folki, til dess dei tusund år var fullenda. Og etter den tid skal han verta løyst ei liti stund.