Johannes' openberring 21:11
Han hadde Guds herlegdom, og hans ljos var som av den kostelegaste stein, som krystallblank jaspis.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Read all of Johannes' openberring 21
Cross References
Isaiah 4:5Og yver alt Sions-fjell og møtelydarne der skal Herren skapa ei sky og ein røyk um dagen og skinet av ein logande eld um natti; for yver all herlegdomen skal det vera ein kvelv.
Isaiah 60:19Ikkje skal soli lenger vera deg til ljos um dagen, og ikkje skal månen skina og lysa for deg; men Herren skal vera deg ævelegt ljos, og din Gud vera din herlegdom.
Ezekiel 1:26Og uppyver kvelven som var yver hovudi deira, var det noko som såg ut som safirstein, på skap som ein kongsstol. Og uppå kongsstol-skapnaden sat det ein som liktest på eit menneskje.
Ezekiel 28:16Den store handelen din valda at du vart full av urett og tok til å synda. Då vanhelga eg deg, so du laut burt frå Guds fjell, og eg tynte deg, du livd-gjevande kerub, so du ikkje lenger fekk vera millom dei logande steinar.
Ezekiel 48:35Rundt ikring: attan tusund. Og namnet på byen skal vera frå den dagen: «Herren er der».
Revelation 4:6Og framfor stolen var det eit glashav likt krystall, og midt fyre stolen og rundt um stolen er det fire livende, uppfyllte med augo framantil og attantil.