Johannes' openberring 22:6
Og han sagde til meg: «Desse ord er truverdige og sanne; og Herren, den Gud som skifter ut sin Ande til profetarne, hev sendt sin engel til å syna tenarane sine det som snart skal henda.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
7Sjå, eg kjem snart! Sæl er den som tek vare på dei profetiske ord i denne boki.»
Read all of Johannes' openberring 22
Cross References
Daniel 3:28Då tok Nebukadnessar til ords og sagde: «Lova vere Gud åt Sadrak, Mesak og Abed-Nego, som sende engelen sin og frelsa tenararne sine, som trøysta seg so fast til honom at dei braut ordi åt kongen og våga livet sitt, so dei ikkje skulde nøydast til å dyrka og tilbeda nokon annan gud enn sin eigen Gud!
Matthew 13:41Menneskjesonen skal senda ut englarne sine, og dei skal sanka ut or riket hans alt som skjemmer ut, og alle som gjer urett,
Luke 16:16Lovi og profetarne rådde alt til Johannes kom; frå den tid hev fagnadbodet um Guds rike vore kunngjort, og kvar og ein bryt seg inn i det med magt.
Acts 12:11Og Peter kom til seg sjølv att og sagde: «No veit eg i sanning at Herren sende engelen sin og fria meg ut or Herodes’ hand og frå alt det som jødefolket trår etter.»
1 Corinthians 7:29Men det segjer eg, brør: Tidi er stutt, so at dei som hev konor, skal heretter vera som dei som ikkje hev,
2 Thessalonians 1:7og gjeva dykk som vert trengde, ro med oss når vår Herre Jesus openberrar seg frå himmelen med sitt veldes englar,