Paulus’ brev til romarane 12:1
So legg eg dykk då på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bjoda fram likamarne dykkar til eit offer som er livande og heilagt og hugnadlegt for Gud - det er dykkar åndelege gudstenesta -
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Read all of Paulus’ brev til romarane 12
Cross References
Psalms 19:14Haldt og din tenar frå skamløysor, lat deim ikkje få magt yver meg! So vert eg ulastande og utan skuld for stor misgjerning. Lat talen i min munn og tanken i mitt hjarta vera til hugnad for di åsyn, Herre, du mitt berg og min atterløysar!
Psalms 69:30Men eg er ein arming full av verk, Gud, lat di frelsa berga meg!
Isaiah 56:7deim vil eg føra til mitt heilage berg og gleda deim i mitt bønehus, deira brennoffer og slagtoffer skal vera til hugnad på altaret mitt! For mitt hus skal kallast eit bønehus for alle folk.
Hosea 14:2Vend um, du Israel, til Herren, din Gud! For med di misgjerning hev du ført deg i fall.
Romans 2:4Eller vanvyrder du hans rikdom på godleik og tolmod og langmod, og veit ikkje at Guds godleik driv deg til umvending?
Romans 6:16Veit de ikkje at når de byd dykk fram åt einkvan til tenarar so de lyder, so er de tenarar under den som de lyder, anten det so er under syndi til daude eller under lydnaden til rettferd?