Paulus’ brev til romarane 6:23
For den løn som syndi gjev, er dauden, men Guds nådegåva er ævelegt liv i Kristus Jesus, vår Herre.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
For the wages of sin is death; but the gift of God is eternal life through Jesus Christ our Lord.
In Context
Read all of Paulus’ brev til romarane 6
Cross References
Genesis 3:19Med sveiten i andlitet skal du eta ditt brød, til dess du fer i jordi att; for av henne er du teken. For mold er du, og til moldi skal du attende.»
Ezekiel 18:4Sjå, alle sjælerne er mine, både sjæli åt faren og sjæli åt sonen; mine er dei; den sjæl som syndar, ho skal døy.
Matthew 25:46So skal dei ganga burt til æveleg straff, men dei rettferdige til eit ævelegt liv.
John 3:36Den som trur på Sonen, hev æveleg liv; men den som ikkje lyder Sonen, fær ikkje sjå livet, men Guds vreide vert verande yver honom».
John 5:24Det segjer eg dykk for visst og sant: Den som høyrer mitt ord og trur den som sende meg, han hev ævelegt liv, og kjem ikkje for domen, men hev gjenge yver frå dauden til livet.
John 6:27Vinn dykk ikkje føda som forgjengst, men føda som varer og gjev eit ævelegt liv! Den skal Menneskjesonen gjeva dykk; for honom hev Faderen, Gud, sett sitt innsigle på.»