1 Ruts bok 1:13
skulde so de bia til dei vart fullvaksne? skulde so de stengja dykk inne og liva utan menner? Nei, døtterne mine, eg tykkjer synd i dykk, for meg hev Herrens hand råma.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 38:11Då sagde Juda til Tamar, sonekona si: «No lyt du sitja enkja i huset åt far din, til Sela, son min, er vaksen!» For han tenkte: «Elles kjem han og til å døy, som brørne hans.» So for Tamar heim att, og budde hjå far sin.
Judges 2:15Kvar dei for fram, var Herrens hand imot deim, so det gjekk deim ille, som Herren hadde sagt deim, og som Herren hadde svore, og dei kom i stor naud.
1 Samuel 5:11Dei sende då bod og stemnde alle filistarfyrstarne saman og sagde: «Send burt kista åt Israels Gud, og lat henne koma heim att til rette staden sin, og ikkje tyna meg og folket mitt!» Ein daudsens angest hadde gripe heile byen; for Guds hand låg ovtung på deim.
Psalms 32:4For dag og natt låg di hand tungt på meg, mi livssaft torna ut som i sumarturken. Sela.
Psalms 39:9Frels meg frå alle mine misgjerningar, set meg ikkje til spott for dåren!