1 Ruts bok 2:12
Herren løne deg for det du hev gjort, ja måtte du få fullt vederlag av Herren, Israels Gud, han som du hev kome til, for å finna livd under vengjerne hans!»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Ruth 1:16Men Rut svara: «Ikkje tel meg til å snu att og ganga frå deg! for der du gjeng, vil eg og ganga, og der du stanar, der vil eg og stana. Ditt folk er mitt folk, og din Gud er min Gud.
1 Samuel 24:20Når ein råkar uvenen sin, plar ein då lata honom fara i fred? Herren gjeva deg lika for det gode du synte meg i dag!
Psalms 19:11Dei er kostelegare enn gull, ja, fint gull i mengd, og søtare enn honning, ja, honning som dryp frå voks-kakorne.
Psalms 57:1Til songmeisteren, etter «tyn ikkje»; av David, ein miktam, då han flydde for Saul inn i helleren.
Psalms 61:4For du hev vore mi livd, eit sterkt tårn mot fienden.
Psalms 91:4Med sine fjører løyner han deg, og under hans vengjer finn du livd; skjold og vern er hans truskap.