Høgsongen 3:6
«Kven er ho, som frå heidi stig upp, lik kvervlande røyk, umfløymd av angande myrra, av røykje og dåm-urter alle?
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
7Sjå Salomos båra det er med seksti kjempor ikring, dei av Israels herkjempor er.
Cross References
Exodus 13:21Og Herren gjekk fyre deim um dagen i ein skystopul, som leidde deim rette vegen, og um natti i ein eldstopul, som lyste for deim, so dei kunde fara natt og dag.
Deuteronomy 8:2Kom i hug den lange leidi Herren, din Gud, let deg fara i øydemarki i desse fyrti åri! Han vilde gjera deg mjuk og røyna deg og sjå kva som budde i hjarta ditt, um du vilde halda bodi hans eller ikkje.
Song of Solomon 1:3Dine salvar angar so ljuvt, ein utrend salve er ditt namn. Difor held møyar dei elskar deg.»
Song of Solomon 4:6Til dess dagen vert sval, og skuggarne flyr, til Myrra-berg skrid eg min veg og til røykjelse-haugen.
Song of Solomon 5:5So reis eg upp, vilde opna for min ven, av handi mi myrra det draup, av fingrarne rennande myrra det flaut og på dørlåset rann.
Song of Solomon 8:5«Kven er ho som frå heidi stig upp, studd til sin ven?» «Under apallen vekte eg deg. Der åtte ho deg di mor, der fekk ho deg ho som deg fødde.»