Titus 1:6
um det er nokon som er ulastande, mann til ei kvinna, hev truande born som ikkje hev vondt ord for skamløysa eller er ulyduge.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 18:19For eg kjenner honom for den mann, at han vil segja til borni sine og til huset sitt etter seg, at dei skal halda seg etter Herrens veg og gjera rett og skil, so Herren kann lata det ganga fram som han hev lova Abraham.»
Leviticus 21:14Ei enkja, eller ei kvinna som er fråskild eller utskjemd, eller ei skjøkja, slik ei må han aldri gifta seg med. Berre ei møy av folket sitt må han egta;
1 Samuel 2:22Eli var svært gamall. Han høyrde gjete alt det sønerne hans gjorde mot heile Israel, og at dei låg med dei kvinnorne som gjorde tenesta ved inngangen til møtetjeldet.
1 Samuel 3:12På den dagen skal eg lata koma yver Eli alt det eg hev tala um ætti hans, frå fyrst til sist.
Ezekiel 44:22Enkja eller fråskild kvinna skal dei ikkje taka til kona, men møyar, ætta frå Israels-lyden. Men ei enkja som er enkja etter prest, kann det taka.
Luke 1:5I den tidi då Herodes var konge i Jødeland, var det ein prest som heitte Zakarja; han høyrde til det prestelaget som hev namn etter Abia. Kona hans var ætta frå Aron, og heitte Elisabet.